Slik virker medlemskapet i Kreativiteten
Foreiningen Kreativiteten er privatpersonar som leiger Hamnegata 16 i lag. Dette betyr at alle medlemmane fritt kan bruke lokala som sitt eige utanom dei dagane lokala er utleigd for inntekt. Alle medlemar har medbestemmelse på kva slags aktivitetar der skal vere og kva inntektar/kontingent skal brukast til. Årsmøtet haldes i mars og er foreiningas øverste organ.
Tema og medlemskveldar
Kreativitetens temakveldar, aktivitetar og med tilhøyrande materialpakkar er gratis for medlemar. Dersom det er nødvendig å sette ein medlemspris på aktiviteten, blir dette informert om.
Leige av lokalet
Medlemar kan leige lokalet til aktivitetar med vener eller kollegaer. Leige av Kreativiteten er for kveld kr 200.- og for helg kr 750,- Medlemar kan reservere Kreativiteten ved å skrive seg inn på kalendaren på oppslagstavla. Alle medlemar i foreininga har nøklar til lokalet og kan disponere dette fritt når det ikkje er utleigd for inntekt. Mandagane er reservert for Florø Husflidslag. Sjekk kalenderen som henger på oppslagstavla før du planlegger ein aktivitet.
Rabattar
Medlemar i Kreativiteten får 10% rabatt på syutstyr hos Garn og Brukskunst Eftf og 10% rabatt på diverse hobbyutstyr hos Florø Husflid mot framvising av medlemskort. 10% rabatt på Oriflame produkt ved bestilling hos Rose Husa. Det ligger katalog i Kreativiteten.
Innmelding
Ønsker du å bli medlem av Kreativiteten? Du kan melde deg inn via våre nettsider her. Medlemsavgift er kr 900.- pr år. Du vil få tilsendt faktura og avtale for underskrift. Vi ber deg ta turen innom Kreativiteten ein tirsdag kveld, for å levere underskrevet avtale og få utlevert nøklar og medlemskort. Vær hjerteleg velkomen i eit inkluderande og sosialt fellesskap.
Samarbeid med Florø Husflidslag
Kreativiteten har eit godt samarbeid med Florø Husflidslag. Dei held sine møter og mange av sine kurs i våre lokaler.
Utstillingar
Kreativiteten har god plass til å presentere utstillingar over ulike tema med produkt laga av medlemar og/eller medlemar i Florø Husflidslag. Har du idear til tema, ting du vil stille ut? Ta kontakt med ein i styret.