|
Diverse info
Medlemsinfo finn du på eiga nettside, på oppslagstavla i Kreativiteten og vert sendt ut pr email
og brev til medlemane kvar månad. Vi ber våre medlemar ta turen innom Kreativiteten ofte for å vere oppdatert. Påmeldingslister til aktivitetar vert hengt på oppslagstavla der.
Utstyr Kreativiteten har utstyrt lokala med store gode arbeidsbord, stolar, skjære- og strykeplass. Vi har 4
symaskiner som er til fri benytting av medlemane. Vi har utstyr til maling på tre/stein, decoupage, l
injalar og skjæreutstyr som medlemane fritt kan bruke.
Oppvarming Det er viktig å ha det godt og varmt når vi skal halde på med hobbyaktivitetar. Kreativiteten har gassovn
og elektrisk ovn til fri benytting for medlemmane. Det er bruksanvisning til gassovnen. Styret etterfyller gass ved behov.
Kjøken og toalett Vi har minikjøken med diverse utstyr og vaskerenne for toving m.m. Alle medlemar kan fritt bruke kjøkenutstyr, lage seg kaffi/te utan å betale noko for dette. Der er lager av kaffi/te/filterposer i skuff i disken. Styret etterfyller ved behov. Vi har tilgang til varme og fine toaletter inne hos Florevika Gjestebrygge.
Loddsal Vi har loddsal med fine gevinstar på medlemskveldane. Inntekta går til drift og aktivitetar. Fine gevinstar
Medlemsinformasjon Vi råder våre medlemar å ta turen innom nettsidene eller Kreativiteten ca 1 gong pr veke, og få med den info vi legg ut på nettsidene, set opp på oppslagstavla og legg i medlemsperm. Der finn du oversikt over møter og alle våre aktivitetar. I tillegg sender vi medlemsinfo i mail/brev månadleg.
Medlemsperm Permen ligg på bordet under oppslagstavla. Her finn medlemane historikk, styrereferat, medlemslister og oversikt over til ei kvar tid gjeldande medlemsfordelar
Påmelding til aktivitetar På nokre aktivitetar er det påmeldingslister, då vil medlemar ha 1.prioritet. Styret vil så langt det lar seg gjere ordne plass til alle som ønsker, det er derfor lurt å setje seg opp på ventelista. Om det er stor interesse for eit tema vil vi om mogeleg setje opp aktiviteten på nytt. Det er også veldig viktig at du gjer beskjed til Tove hvis du blir forhindra i å møte på ein aktivitet du har meldt deg på. Vi heng lister for påmelding på oppslagstavla i Kreativiteten 14 dagar før aktivitetane
Bibliotek
Det er lov for alle medlemar i Kreativiteten å låne bøker i ”biblioteket” vårt. Når du låner ei bok skriv du det inn i den svarte boka. Lånetida er 1 månad. Du er ansvarleg for den boka du låner. Last ned bokliste her.
|