Kreativiteten

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hamnegata 16

6900 FLORØ

Org.nr: 888 336 532

 

post@kreativiteten.no

Dagleg leiar: Tove Herland

Tlf: 92 44 86 71

 

Stiftelsesmøte for Kreativiteten

 

Mange sy-entusiastar var inviterte til eit stiftelsesmøte til ei foreining med mål å starte/fortsette               med kreative aktivitetar i den gamle ”Olsen-bua”.

Bente Steinset representerte interimstyret, ønsket alle velkommen og heldt ein grundig orientering om    historie og idear fram til dette stiftelsesmøtet.

Tone Undertun, som leide lokala tidligare for å drive butikk kombinert med kursing og sykveldar, fortalte        om sine erfaringar og moglegheitar til fortsatt drift av aktivitetane utan butikk.

Det var møtt opp 27 interesserte.
Desse valde følgande styre :

  • Bente Steinset
  • Tone Undertun
  • Annlaug Kjelstad
  • Anita Svardal
  • Laila Berge.

Varamedlemmer :

 

  • Ann Kristin Geithus
  • Karin Dankertsen

 

Sistnevnte også referent til møtet. Styret konstituerer seg selv.

Styrets første oppgåver blir å :

  • lage medlemskort og nøklar til alle som har tegna seg som medlemar
  • skrive avtalar med huseigar og leigetakarar
  • etablere vedtekter
  • lage aktivitetsplan

Det vart foreslått 7-8 navn til foreininga. KREATIVITETEN fekk 15 av 27 stemmer.

Johanna Vartdal heldt ein orientering om Florø Husflidslag og dets aktivitetar. Likeså orienterte Elin Magnussen om Quiltegruppa sitt arbeid.

Vi nyttar anledninga til å takka interimstyret for godt initiativ, og det gode grunnlaget dei har lagt for drift av Kreativiteten.

16. sept. 2004
Karin F.H. Dankertsen
- referent -